Informasjon om postlista i sommar

I sommarferievekene vil postlista ikkje bli oppdatert like ofte som vanleg. Dette kjem av redusert bemanning i ferieperioden. 

Vi oppdaterer postlista så snart det er mogleg, og takkar for forståinga. 

Ny kommunalsjef for helse og omsorg

Ny kommunalsjef for helse og omsorg

Karoline Lundås er tilsett som ny kommunalsjef for helse og omsorg i Vanylven kommune.

Lundås har vore konstituert som kommunalsjef for helse og omsorg sidan 01.10.2024.  Tidlegare har Lundås vore avdelingsleiar i heimebasert omsorg i kommunen. Ho er utdanna sjukepleiar og har ei vidareutdanning innan leiing. 

Som kommunalsjef vil Karoline ha eit heilskapleg leiaransvar for:

  • Heimebasert omsorg
  • Helse- og omsorgssenteret avd.2 og avd.3 
  • Bu og avlastning
  • Forebygging og rehabilitering
  • Takt - tilrettelagt arbeid og aktivitet
  • Kjøkkenet
  • Legekontor og Helsestasjonen
  • Forvaltningskontoret
  • Flyktningstenesta

Kommunalsjefen vil vere eit bindeledd i høve andre kommunar både når det gjeld fagsamarbeid og interkommunale samarbeid innanfor sektoren sitt ansvarsområde. 

 

Vi ynskjer Karoline lukke til i den nye stillinga!