Vegen er så smal at det i hovudsak ikkje er mogleg å ha trafikk på vegen samtidig som han blir asfaltert. Det er relativt lite trafikk (om lag 150 køyretøy i døgnet) og langt mellom stadane der maskinene kan flyttast til sida for å sleppe trafikken forbi. Difor kan stengeperiodane bli inntil to timar mellom kl. 08.30 og 20.00 tysdag 4. mai-laurdag 8. mai. Naudetatane kan passere
Vi vil oppmode trafikantar som skal rekke ferja eller avtalar om å planlegge og køyre via Fiskå slik at dei kjem fram til rett tid. Det blir ekstra køyretid denne veka, men vi prioriterer å jobbe effektivt slik at vi blir fort ferdige, seier byggeleiar Leif-Olav Brandt i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:
Byggeleiar Leif-Olav Brandt, telefon 412 50 479