No kan du søkje om spelemidlar - søknadsfrist 1.november 2026

No kan du søkje om spelemidlar - søknadsfrist 1.november 2026

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Dette gjeld alle lag og organisasjonar som ønsker å søke om tilskot.

Søknadsfrist: 1. november 2026

Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv.

Formål

Ordninga skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. 

Kven kan søke?

Søkarar kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, organisasjonsledd under NJFF,  DFS, Norges bilsportsforbund, aksjeselskap, samvirkeføretak eller stiftingar som oppfyller vilkåra for å vere søknadsberettiget. Anlegget må vere prioritert i kommunane sin Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet og tilhøyrande handlingsprogram.  

Kva kan det søkjast midlar til?

Det kan søkjast om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.

For ordinære anlegg og rehabilitering, minimumskostnad kr 200.000

  • For nærmiljøanlegg, minimumskostnad kr 100.000

Søknadsbehandling

Kultur- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot.
Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkarane.

Meir informasjon om reglane finn ein i forskrift om tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet frå speloverskotet til Norsk Tipping (anleggsforskrifta).
Anleggsforskriften 

Kontakt

Lars Jonasmo
leiar vaksenopplæringa og vikarbanken, fagleiar kultur og fritid