No kan du søkje om spelemidlar - søknadsfrist 1.november 2024Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Dette gjeld alle lag og organisasjonar som ønsker å søke om tilskot.Søknadskjema og informasjon - anleggsregisteret.noSøknadsfrist1. november 2024Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv.FormålOrdninga skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Kven kan søke?Søkarar kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, samvirkeføretak, stiftingar eller andre samanslutningar. Anlegget må vere prioritert i kommunane sin Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet og tilhøyrande handlingsprogram. Kva kan det søkjast midlar til?Det kan søkjast om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.For ordinære anlegg og rehabilitering, minimumskostnad kr 150.000For kart, minimumskostnad kr 75.000For nærmiljøanlegg, minimumskostnad kr 50.000SøknadsbehandlingKultur- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot.Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkarane.