Alle eigarar og festarar av bustad eller fritidsbustad i Norge kan no sjølv registrere opplysningar i Eigedomsregisteret hos Kartverket
Eigedomsregisteret er det nasjonale registeret over norske eigedomar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigarforhold.
Kvifor er dette viktig?
Opplysningar frå Eigedomsregisteret blir brukt dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege myndigheiter. Kommunen registrerer opplysningar i Eigedomsregisteret som ein del av sitt arbeid. Fordi rutinane har variert over tid, kan enkelte data mangle eller vere utdaterte. No kan du som eigar eller festar gjere ein forskjell: Ved å oppdatere opplysningar om din bustad eller fritidsbustad, bidreg du til å sikre at dei er riktige. Det kan gi deg riktigare vilkår ved lån, forsikring, skatt og avgift. Vidare får blant anna nødetatar, planleggarar og andre aktørar betre grunnlag for sine avgjerder. Det kjem både deg og lokalsamfunnet til gode.
Slik gjer du det
Du kan registrere byggeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal. Opplysningane kan du finne i salsoppgåver, vedtak frå kommunen og takstrapportar, eller du kan bruke din kjennskap til bustaden. Egenregistreringa er frivillig og føregår via ei sikker sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du vil ikkje bli bedt om å laste opp dokumentasjon.
- Gå til Eigedomsregisteret hos Kartverket: https://eiendomsregisteret.kartverket.no/
- Logg deg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som er registrerte frå før
- Registrer det du meiner er riktig
- Oppdater dine tidlegare registrerte opplysningar om noko endrar seg
Opplysningane som du registrerer, vil ikkje overskrive det kommunen allereie har. Dei blir viste parallelt med øvrige eigedomsopplysningar og kan brukast av offentlege og private verksemder.
Kven kontakter du ved spørsmål?
Om du har spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakte Kartverket her. Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedomen din, må du kontakte kommunen for å få det retta.
For meir informasjon, sjå https://mineiendom.kartverket.no/kom-i-gang.
Opplysningar om eigedomsregisteret (PDF, 2 MB)