No får du brev frå helsestasjonen digitalt

Klikk for stort bilete Kortare ventetid for deg, mindre portoutgifter for oss, lågare papirforbruk og klimagassutslepp – det er nokre av gevinstane.

Tysdag 1. september tek helsestasjonane i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta i bruk digital post for sending av brev.

Dette inneber at føresette og barn/ungdom over 16 år i dei fleste tilfelle ikkje lengre vil få timeinnkallingar og andre brev frå helsestasjonen, skulehelsetenesta eller svangerskapsomsorga tilsendt som ordinær brevpost. 

 

Slik fungerer digital post

Dersom du brukar ei digital postkasse (Digipost eller eBoks) vil brev frå helsestasjonen leverast dit. Du vil få eit varsel på e-post eller SMS om at du har motteke eit nytt brev. 

Dersom du ikkje har digital postkasse vil brevet bli levert til Altinn. Du vil då få eit varsel på e-post eller SMS om at du har motteke eit brev i Altinn. Dersom du ikkje loggar deg på og opnar brevet innan 48 timar, vert det skrive ut og sendt til deg med ordinær brevpost. 

 

Nytt nummer eller e-postadresse?

Har du endra mobilnummer eller e-post adresse? Då bør du oppdatere kontaktinformasjonen din i kontakt- og reservasjonsregisteret slik at du får varsel om ny post frå det offentlege. 

 

Raskare fram

Digital post sparer miljøet store mengder papir, og reduserer dermed utslipp av CO2. I tillegg sparar det kommunane for portokostnadar, og du får viktig post frå det offentlege levert raskt, trygt og enkelt.

Har du ikkje digital postkasse? Då bør du vurdere å skaffe deg ei