Motivasjonsdag for alle tilsette i Vanylven kommune

Motivasjonsdag for alle tilsette i Vanylven kommune

Vanylven kommune arrangerte tysdag 31. oktober Motivasjonsdag for alle tilsette i kommunen.

Bakgrunnen for dagen er at vi ønskjer å få fram det positive som skjer i kommunen, og at dei gode idèane og tiltaka blir framheva. 
Det er viktig for oss å vise at vi satsar på dei tilsette og ønskjer at alle skal ha gode arbeidsdagar. 

Vi starta dagen med felles lunsj og blei godt tatt imot av konferansier Karina Longva. Det vart orientert med informasjon både frå KUOP, Ressursbanken, Brann og redning og frå den nye ordføraren. 

Det vart og utdeling av ein vandrepokal som skal gå vidare kvart år. I år gjekk denne til Heimebasert omsorg

Til slutt fekk vi god motivasjon frå sjølvaste Kapteinen John Hammersmark med foredraget “Det kan alltid bli verre”.  John snakkar b.a om refleksjon, bevistheit og drive sin eigen utvikligsprosess. Endring, tillit, ulikheit, verdiar, omsorg og redsel er eksemplar på temaer som påverkar prestasjon, arbeidsmiljø, og dermed resultat. 

 

Dette vart ein vellykka dag og vi håpar mange av dei tilsette fekk god motivasjon og inspirasjon.