Lansering av e-Torg i Vanylven kommune

Lansering av e-Torg i Vanylven kommune

 

Søre Sunnmøre har no lansert tenesta e-torg som kjem alle innbyggjarane våre til god nytte.

Oddvin Aarskog, Elling Flister og Marte Saure har jobba på tvers av sektorane for å kunne dekke behovet til brukarane vår med denne løysinga.  «Vi håpar at dette kan vere ei postiv løysing som vil lette mykje av tida til brukarane våre» seier dei.

Vanylven kommune har sett fram til å presentere denne løysinga for innbyggjarane våre. E-torg er ein nettbutikk som består av sjølvbetjening der du kan nytte deg av tenesta heile døgnet.

Tidlegare har enorme mengder med digital data blitt henta ut manuelt, men gjennom den nye tenesta blir no mykje automatisert.  
I tillegg til dette er det lettare for oss å oppretthalde ein kortare leveringsfrist på data som brukarane kjøper, enn kva det var før. Vi vil rekne med litt lenger tid no i oppstartfasen, men vil legge oss på ein frist på rundt fem dagar.

I E-torget kan du kjøpe til saman tjuefem ulike produkt, deriblant digitale kart, meglarpakke, 3D-modellar, eigedomsinformasjon og nabovarsling både papir og elektronisk.   

Vanylven kommune har mykje spanande prosjekt på gong der målet er å gjere det enklast mogleg for brukarane våre til å nå dei data som trengs.

Onsdag tidlegare denne veka var det pressemøte for lanseringa i Ørsta, der Guttorm Øye (Ørsta kommune), Marte Saure (Vanylven kommune) og Bjørn Heggen (Ørsta kommune) presenterte den nye tenesta til kommunane på Søre Sunnmøre.  

 Ta kontakt dersom det skulle vere noko spørsmål rundt E-torg.

E-torg finn du her 

Kontakt

Oddvin Aarskog
GIS-ingeniør
E-post
Telefon 94 97 38 16
Marte Saure
Stabsleiar
E-post
Mobil 90 02 79 13