Kurs - Trening etter fødsel

Kurs - Trening etter fødsel

Styrke, mobilitet og trygg opptrening for deg som nyleg har fått eit barn.

Kursperiode: 13.oktober 2026 – 1.desember 2026
Tidspunkt: Kvar tysdag kl.12.30 – 13:30
Stad: Fiskå Ungdomshus
Pris: 300,-
Påmelding: Frisklivssentralen v/Silje Marita Vallestad, tlf: 919 95 346

Kven er det for?

Dette er for deg som er meir enn 6 veker sidan fødsel og som ynskjer å komme i gang med trening for å styrke kroppen igjen. Det er både for deg med treningserfaring frå før og for deg som ikkje har vore så aktiv tidlegare.

Tilbod om individuell oppfølging

Før kursstart har du tilbud om ei fysioterapiundersøking. Ved denne undersøkinga vil takst for individuell fysioterapiundersøking gjelde(ikkje inkludert i kurs-prisen på 300,-). Her kartlegg vi funksjon og evt problematikk/smerter og kan gje råd om individuelle tilpasningar.

Korleis er treninga?

Øktene inkludera informasjon om trening etter fødsel før vi går vidare til ei fysisk økt. Fokusområdet er styrke og mobilitet for heile kroppen, men særskild for områda mage/rygg, bekken og bekkenbotn. Dei kroppsområda som har vore ekstra utsett for påkjenning under svangerskapet og i barseltida. Øktene er tilpassa deg som nyleg har født. Baby kan vere med i enkelte øvingar eller leike/ligge på golvet/i vogna  under treninga. Det er heilt lov å ta pausar for mating, bleieskift og trøsting undervegs. Ved behov kan også øvingar tilpassast om dei ikkje passar deg. Øktene er lagt opp med øvingar som også kan gjennomførast heime og de vil få med treningsprogram.