Kulturprisvinnar Ann-Kristin Aaland

Kulturprisvinnar Ann-Kristin Aaland

 Under kommunestyremøtet mandag 16.12.19 var det kåring av kulturprisvinnar, Ann-Kristin Aaland. 

Mandag hadde kommunestyret årets siste møte. Og i tradisjon tru var det kåring av kulturprisvinnaren som stod på programmet under julemiddagen. 

Ann-Kristin Aaland vart tildelt eit pengebeløp frå Sparebanken Møre som banksjef, Sissel Kragset Vik fekk æra av å dele ut. I tillegg vart Ann-Kristin eigar av eit kunstverk utført av vår lokale kunstnar, Kjellaug Vik. 

Bakgrunnen til at det var akkurat denne engasjerte dama som fekk prisen i år er hennar arbeid med leikarringen på Fiskå. Leikarringen er ein del av tilbodet som FFUL (Fiskå frilynde ungdomslag) gir. 

Det er også ikkje noko tvil om at Ann-Kristin har holdt på med dans for born og unge lenge. I 2004 starta ho opp "for seg sjølv". Då var yngste døtra eit halvt år, og no er ho 15.

Ordførar Lena seier; Ho er svært glad for at prisen gjekk til Ann-Kristin, som i mange år har brukt av fritida si til å arbeide med å gi born og unge eit meningsfullt og viktig fritidstilbod gjennom dans i leikarringen. 

Kunstnaren bak kunstverket som vart overrekt, er Kjellaug Vik. 
Ho vart først sjokkert og mållaus då ho vart spurd om å måle premien til kulturprisvinnaren. 
Etterkvart når ho forstod kva verdiar og holdningar vinnaren stod for, vart det ikkje noko som var tilfeldig på biletet lenger. Både fargar og motiv er tiltenkt kulturprisvinnaren. 
Kjellaug fortalde også under middagen at ho ville takke mannen hennar, Birger Vik, som i alle dei år har stått for innramming av bileta til kulturprisen.  

 

Vi gratulerer Ann-Kristin Aaland så mykje med kulturprisen ! 

 

 

Kilder: Synste Møre