Kulturprisen 2025 Vanylven kommune - frist 26. oktober

Kulturprisen 2025 Vanylven kommune - frist 26. oktober

Vanylven kommune og Sparebanken Møre deler årleg ut ein kulturpris til einskildpersonar, organisasjonar eller andre aktørar som gjer eller har gjort ein stor innsats for kulturlivet i kommunen. Kandidatane skal vurderast ut frå ei vid forståing av kultur. Prisen er 5000 kr og eit kunstverk/minnegjenstand.

Kommunen vil gjerne ha framlegg til kandidatar. Skriv kvifor de ynskjer at denne kandidaten skal få årets kulturpris. Send til Vanylven kommune, Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå, eller e-post: postmottak@vanylven.kommune.no

 Frist søndag 26. oktober 2025