Korleis kan synergiane frå skipstunnelen utnyttast til å gjere kommunen meir attraktiv i framtida ? Møt oss for innbyggjardialog på Fiskå eller Åheim laurdag 21.mai

Korleis kan synergiane frå skipstunnelen utnyttast til å gjere kommunen meir attraktiv i framtida ? Møt oss for innbyggjardialog på Fiskå eller Åheim laurdag 21.mai

 

Møt oss på Coop Åheim eller Combisenteret Fiskå frå 10:00-13:00, laurdag 21.mai.

Vanylven kommune invitera innbyggjarane til dialog for utveksling av tankar, idear og planar som gjeld framtidsvisjonar og ønskje i samarbeid med Stad Skipstunell.

Vanylven kommune har nyleg blitt valt ut som ei av årets Gnist-kommuner. Grunnen til dette er den komande bygginga av Stad skipstunnel. Som Gnist-kommune får kommunen no hjelp til å utforske korleis synergiane frå skipstunnelen kan utnyttast til å gjere kommunen meir attraktiv i framtida. 

Vi har fått med oss Blåmyra og Nordplan på laget, og det er dei du vil møte ute på desse innbyggjartorga.
Vanylven kommune treng dine meiningar, idear og draumar. Kva er du opptatt av ?
Vi ønskjer å snu trenden om fråflytting i kommunen og er derfor på jakt etter kva vi kan gjer for å auke attraktiviteten i kommunen 

Vi er på plass ved Coop på Åheim og Combisenteret på Fiskå, laurdag 21.05.22, klokka 10:00-13:00
Velkommen innom!