Kongeparet kjem på besøk til Vanylven kommune – Vi arrangerer folkefest på Åheim 31.august

Kongeparet kjem på besøk til Vanylven kommune – Vi arrangerer folkefest på Åheim 31.august

 

Pressemelding frå Det Norske Kongehus: 
«Hans Majestet Kongen og hennar Majestet Dronninga besøkjer Møre og Romsdal i perioden 30.august til 1.september 2022. 
Fylkesbesøket startar 30.august i Fjord kommune og går deretter vidare til Sykkylven kommune. 
Onsdag føremiddag kjem Kongen og Dronninga til Vanylven kommune og avsluttar dagen med å besøkje Sande kommune.
 

Kongeskipet Norge vil bli nytta under fylkesturen»

Vi gler oss mykje til å få eit så stort og fint besøk til Vanylven kommune 31.august. 
Denne dagen vil bli ein folkefest for alle i Vanylven. 

Kongeskipet kjem inn til Åheim, så vi vil lage til eit flott arrangement ved Olivinhallen. Vanylven kommune vil kome med meir informasjon om program på eit seinare tidspunkt. 

Set av datoen, så sjåast vi :)