Kompetanseheving for leiarar i bu og habilitering

Kompetanseheving for leiarar i bu og habilitering

 

F.v.: Aase Djupvik, Solfrid Ballo, Lene Muren, Marlen Breivik Kristensen, Rose-Marie Kvalsund, Elisabeth Hjelmeset, Anne-May Sætrevik, Guro Bakke Liaskar og Beate Lyshagen. Ikkje tilstade: Reidun Sandnes, Anette Vatne og Cesilie Sundgot.

 

28. og 29. november var sjustjerne-nettverket for bu og habilitering på Mellomlederkonferanse i Oslo.

Dette er eit tiltak som er gjort for å styrke leiarrolla i tenestene og er finansiert av midlar som nettverket har fått med Helsedirektoratet. Tidlegare har ein brukt desse midlane til å utdanne HLR-instruktørar i dei sju kommunane og hatt fagdag i høve seksuell helse for tilsette, no var det leiarane sin tur.

Nettverket til bu og habilitering

Nettverket til bu og habilitering er det lengst levande nettverket i regionen. Det vart starta opp på 90-talet og held det gåande den dag i dag. Det er møter om 5-6 gongar i året der alle kommunane deler på å vere vertskommune. Nettverket arbeider etter eit mandat og det sitt 1-2 representantar frå kvar kommune, samt ein representant frå spesialisert habilitering i Ålesund.

Formålet med nettverket er å legge til rette for fagleg og administrativt samarbeid og utvikling innafor tenesteområdet til menneske med psykisk utviklingshemming mellom kommunane i sjustjerna. Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta – og 2. linjetenesta Seksjon for spesialisert habilitering Sunnmøre. Nettverket er forankra på rådmanns-/kommunaldirektørnivå i kommunene, og bør inngå som ein del av samarbeidsavtalen med helseforetaket.

Konferansen

Konferansen som nettverket deltok i tok opp tema som mellomleiaren si rolle og korleis ein er i «skvis» mellom toppleiing og sine tilsette, i tillegg vart det snakka om utbrentheit og korleis ein kan unngå dette, den profesjonelle samtalen, korleis lykkast med godt medarbeidarskap og konflikthandtering. Deltakarane opplevde at dei fekk mykje input til ein kvardag som er både krevjande og spanande. Bu og habiliteringstenestene er tenester med eit stort spenn både når det kjem til fag, etikk og avgjersler. Ein opplev i desse dagar stort press og i denne delen av helse og omsorg, i tillegg til at ein har utfordringar med rekruttering inn mot ei brukargruppe som er særs avhenging av stabilitet, kunnskap og medmenneskelegheit.

Vi ynskjer å fortsette arbeidet inn mot 2023, og ser fram til det gode samarbeidet som vi fram til no har klart å bygge.