Kommunedelplan for kulturarven i Vanylven kommune 2020-2028 - Offentleg ettersyn av planforslag Formannskapet i Vanylven vedtok i sitt møte 20.10.2020, F-sak 98/20, å leggje Kommunedelplan for kulturarven i Vanylven kommune 2020-2028 ut til offentlig ettersyn, jf. plan- og bygningslova § 11-14. Publisert 20.11.2020 09:48 Sist endra 20.11.2020 09:48 Formålet med å sende planen ut på offentleg ettersyn er å få uttale frå offentlege og organ og andre interessentar om innhald og prioritering, før den blir endeleg handsama av Vanylven kommunestyre. Planen vil leggje føringar for korleis Vanylven kommune skal delta i forvaltninga av kulturarven. Vedtak i Vanylven formannskap 98/20, dater 20.10.2020(PDF, 852 kB) Kommunedelplan for kulturarven i Vanylven kommune 2020-2028(PDF, 37 MB) Handlingsdel 2021 - 2023(PDF, 537 kB) Kor finn du planen: Papir utgåve vil vere tilgjengelig for utlån ved Vanylven folkebibliotek i Syvde. Høringa er ope. Også verksemd, organisasjonar og privatpersoner, som ikkje mottar høringsbrevet kan gi høringssvar. Høringsfrist er seks veker. Merknad og innspel til kommunedelplan for kulturarven i Vanylven kommune kan du sende inn via skjema her . Du finn og skjemaet på Vanylven kommune sine heimesider under "alle skjema" på framsida. Frist for å komme med uttale er sett til 2. januar 2021Målsetjinga er at kommunedelplan for kulturarven i Vanylven kommune skal opp til politisk handsaming i januar 2021.