Informasjon om postlista i sommar

I sommarferievekene vil postlista ikkje bli oppdatert like ofte som vanleg. Dette kjem av redusert bemanning i ferieperioden. 

Vi oppdaterer postlista så snart det er mogleg, og takkar for forståinga. 

Klipp hekkar og busker

Klipp hekkar og busker

 

Vi er inne i ei tid der hekkar og busker veks fort og det er mykje lauv på trea. Du som eig eller er brukar av ein eigedom er ansvarleg for at vegetasjonen ikkje skaper trafikkfarlege situasjonar (Veglova §34 og §43).

Det betyr at du må klippe hekk, busker og tre slik at alle trafikantar har god sikt. God sikt er avgjerande for eit trafikksikkert lokalmiljø. Spesielt viktig er det å klippe ned vegetasjon om du bur nær eit vegkryss.

Her finn du informasjon om korleis du skal klippe: