Inviterer til sorggruppe for barnHar du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? Sorggruppe er eit tilbod til barn i 5.–7.klasse som har mista søsken eller ein forelder. Sorg er ein langvarig prosess, men mange opplever det nyttig å treffe andre barn i same situasjon. Dei kjenner seg mindre aleine og dei forstår lettare sine eigne reaksjonar og opplevingar.Det vert samling fem gongar i 1,5 time. Tilbodet er gratis, livssynsnøytralt og interkommunalt. Gruppa vert leia av to helsesjukepleiarar som har teieplikt.Kvifor delta i sorggruppe?Hjelpe barnet til å forstå sorgNormalisere tankar, kjensler og handlingarStøtte barnet til å finne styrke i seg sjølv og relasjonane sineØve på å fortelje si eiga tapshistorieHjelp til å bearbeide minne Påmelding til helsesjukepleiar Mari Haugen Lunde i Ulstein kommune.E-post: mari.haugen.lunde@ulstein.kommune.no Telefon: 48 22 73 42Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon? Ta kontakt med helsestasjonen i kommunen din. Publisert 26.03.2025 13:03 Sist endra 26.03.2025 13:04