Intervju med Petrine Ystebakk Sjåstad

Klikk for stort bilete 

Petrine er ei jente på 18 år frå Syvde i Vanylven som likar å teikne. I fjor lanserte ho boka «Draumen om Mira» som har vorte ein stor suksess. Denne boka handla om akkurat det TV aksjonen støtta i år, nemleg forsøpling i havet.
Vi har tatt ein liten prat med Petrine for å høyre meir om boka hennar og det viktige temaet for TV-aksjonen i år.  

Fortel litt om boka di, kvifor valte du akkurat dette temaet i boka di ?

Før eg begynte å lage boka så visste eg at det skulle vere ein teikneserie, men eg visste ikkje heilt kva den skulle handle om. Eg bestemte meg tilslutt for at den skulle handle om noko originalt, slik som forsøpling i havet. Eg følte at temaet passar bra når klima og miljø er så aktuelt no for tida og sidan dette opptek meg mykje. Eg er vell den personen i vennegjengen som passar på at dei kastar bosset sitt, og sortera rett avfall.  

Eg begynte å lage boka i desember, lagde den ferdig i januar/februar og dermed blei boka lansert i mars.  
Planen var å lage ein eller to kopiar, men sidan etterspørselen blei stor vart det laga 100 kopiar.
I starten var det kun venner og familiar som kjøpte boka, men no i seinare tid har det våre etterspørsel over heile landet som i Trondheim og Oslo som har kjøpt boka mi. So eg syns det er kjekt å sjå at av dei 100 kopiane, har eg no ca. 10 stk igjen.

Sidan dette er ei barnebok, tenkte du over korleis du skulle formidle dette viktige bodskapet for barna som skulle lese boka di ?

Ja, eg reiste på biblioteket å lånte fleire bøker som var retta mot barn som handla om mikroplast i havet. Dette var for å lære meir om korleis eg skulle legge fram historia, då den skulle rette seg mot barn. Eg syns det er viktig å vise fram problematikken til yngre på ein god og forståelig måte.

Kva må kvar enkelt kan gjere for å redusere søppel havet, og  kva tenkjer du staten må gjere ?

Norge er nok ikkje «verstingen» i denne krisa, men der igjen er det kjempeviktig at nokon må bane veg for dei andre og sette ei standard. Det er ein utruleg krevjande situasjon vi står i, og det er viktig at andre land følgjer på med viktige tiltak som må gjerast.
Norge har blitt betre i det siste som panting og redusere plastposar på butikkane, men kvar enkeltperson kan verte mykje flinkare til å samle boset sitt og ta ansvar for seg sjølv.  

Klarer vi å snu denne krisa før det er for seint ?

Eg syns det er eit  vanskeleg  spørsmål å svare på , men eg likar å vere optimist og tru at det klarar vi. Dette krevjer sjølvsagt stor innsats frå kvar enkelt person. Det er ikkje tvil i at noko må endrast, for dersom ein fortsetter slik som i dag er der  liten sjans for å snu klimakrisa før det er for seint. 
Vi har dessverre kome alt for langt med denne forsøplinga i havet, og eg blir frustrert over at folk ikkje ser alvoret i ei slik krise.

Kvifor trur du folk ikkje tek klimakrisa på alvor ?
Det belastar kanskje ikkje dei på grunn av at ein ikkje ser det som er nedi havet. Ein kan ikkje sjå at dei drastiske endringane som har skjedd på havbotnen fører til ødeleggelse av økosystemet og dyrelivet som fins der.
Eg trur også at forsøpling i havet opplevast som «gamalt nytt» for mange, sidan det har våre i nyheitene veldig lenge. Men klimakrisa har aldri våre so aktuelt som det er i dag

Korleis kan ein kjøpe boka ? 

Då kan du kontakte meg Instagram, eg heiter @teiknepetrine.