Frå hausten 2026 treng vi mellom anna fleire instruktørar på Åheim for at gruppetreninga der skal kunne halde fram. Vi ønskjer også å utdanne fleire frivillige instruktørar til gruppene våre på Fiskå, Eidså, Slagnes og Rovde. Kanskje er det også nokon som har lyst til å vere med og starte opp ei ny gruppe på Åram?
Målet er å ha fleire instruktørar i kvar gruppe, slik at de kan dele på ansvaret. Då slepp du å binde deg til å vere instruktør kvar veke. Du vel sjølv kor mykje du ønskjer å bidra, og i kva bygd eller gruppe du vil engasjere deg.
Kurset er gratis, og du lærer alt du treng for å leie ei Sterk og Stødig-treningsgruppe. Du treng ingen anna erfaring enn å like å vere i aktivitet
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Silje eller Ingunn for ein uforpliktande prat:
Silje Vallestad
📞 919 95 346
✉️ silje.marita.vallestad@vanylven.kommune.no
Ingunn Botnmark
📞 919 93 261
✉️ ingunn.botnmark@vanylven.kommune.no
Sjå meir om instruktørrolla og Sterk og Stødig-gruppetimane i videoen frå Aldring og helse: https://vimeo.com/1006222863?fl=pl&fe=sh