Innspel til frivillegsentralen

Innspel til frivillegsentralen

Det arbeidast no med å opprette ein frivillegsentral i Vanylven og arbeidsgruppa ønskjer innspel frå innbyggjarane i kommunen.
Arbeidsgruppa består av ein representant frå kultur og oppvekst, helse og omsorg, ungdomsrådet, eldrerådet/råd for funksjonshemma og røde kors som er den største frivillege lag og organisasjonen vi har i kommunen.

Før sentralen er oppe å går må ein ha på plass:

  • eit fysisk lokale
  • tilsettast ein leiar for frivillegsentralen
  • opprettast eit styre
  • planleggjast kva aktivitetar og anna frivillegsentralen skal vere ein pådrivar for.

 

Derfor ønskjer ein at alle som vil kan kome med innspel og forslag til neste arbeidsgruppemøte i midten av mars.  

 

Ein kan til dømes kome med innspel og forslag til:

  • aktivitetar
  • lokale
  • foreslå medlemmar som kan sitje i eit styre
  • om ein har behov for hjelp av ein frivillegsentral
  • kva ein ønskjer frivillegsentralen i Vanylven skal vere
  • kva ein kan bidra med som frivilleg eller andre ting som kan vere viktig å ta med i opprettinga av frivillegsentralen


Alle innspel blir tatt opp i arbeidsgruppa for vidare planlegging og oppretting av sentralen.