Innhenting av samtykke i Tieto Education

Innhenting av samtykke i Tieto Education

     

Skulane i Vanylven har gått over til å hente inn samtykke frå føresette digitalt i føresetteappen. Det samtykkeskjemaet som tidlegare vart delt ut på papir vil no finnast i appen. Føresette må logge seg inn og opne oversikta på kvar elev og svare ved å huke av i samtykkeskjemaet. Svarfristen er sett til 31.10.2021. Etter at svarfrist er ute kan samtykket likevel trekkast tilbake, men ein må då kontakte skulen. I dei familiane der føresette bur i lag er det nok at berre éin svarar pr. elev. Har du allereie levert eit samtykkeskjema på papir ber vi om at du likevel svarar digitalt.

Kontakt

May-Britt B. Svastuen
konsulent Oppvekst/Fiskå skule
E-post
Telefon 94 03 40 41
Guri Dragseth Brekke
Teknisk konsulent
E-post
Mobil 94 97 48 35