Innbyggjarundersøkinga 2021
Vanylven kommune
Vanylven kommune ynskje å tilby innbyggjarane sine best mogleg tenester. I år gjer vi derfor ei ny innbyggjarundersøking, og denne blir sendt ut til alle husstandane.
Vi ynskjer alltid å gjere det vi kan for å tilby best mogleg tenester til innbyggjarane våre. Ei slik undersøking vil kunne avdekke ting de som innbyggjarar er fornøgde med, og ting de meiner kommunen kan verte betre på. Innhaldet i undersøkinga har mange tema, frå lokaldemokrati, vegstandard, korleis ein vert møtt i kontakt med kommunen og så bortetter.
Svarfrist for undersøkelsen er 30.april
Publisert 16.04.2021 13:26
Sist endra 16.04.2021 13:26