Informasjon til tilsette i Vanylven kommune

Det vil framover bli «drop in»-vaksinasjon mot korona for alle. Første høve er onsdag 22.12.21 mellom kl. 15:00 og 20:00 på Kommunestyresalen. Dette er for alle over 45 år som ynskjer dose 3; dei som eventuelt ikkje er vaksinert endå og dei som eventuelt manglar dose 2. Tilsette i helse, barnehage og skule kan òg komme denne dagen uavhengig av alder. Hugs at om du vil ha dose 3 må det ha gått 20 veker sidan dose 2.

Vanylven kommune har òg teststasjon for korona på gamle Vanylven sjukeheim. Teststasjonen er bemanna kvar dag utanom helg/høgtid, og du kan bestille time til testing på c19.no eller på telefon 700 30 109.

Dersom smittetrykket aukar vil det fortløpande bli vurdert om vi skal halde ope også på helg. Behovet for bemanning på teststasjonen vil òg bli løpande vurdert ut frå smittesituasjonen i kommunen.

Vidare er det òg sett opp eit smittesporingsteam. Desse har som oppgåve å varsle nærkontaktar til eventuelt smitta. Teamet vil starte opp når det er meldt om positive testar og vil bli bemanna ut frå smittesituasjonen i kommunen.

Hugs at vi tilbyr vaksinering mot korona samt influensa på ungdomshuset i dag mellom kl. 09.00 og 13.00.