Informasjon om pågåande utbrot i nabokommunen vår Som dei fleste har fått med seg, er det eit pågåande utbrot i nabokommunen vår. Ettersom det er same bu- og arbeidsområde er det ekstra viktig at vi er flinke til å teste oss ved symptom på luftvegsinfeksjon, halde avstand, og vere bevisst på god håndhygiene. Det er også fint om ein prøver å begrense unødvendig reising over kommunegrensene. Kommuneoverlegen har per no ikkje mottatt melding om at nokon busatt i kommunen vår er direkte berørt av det aktuelle utbrotet, og heller ikkje aktuelt å bli satt i karantene eller isolasjon. Publisert 09.03.2021 18:25 Sist endra 09.03.2021 18:25