Informasjon angåande jodtablettar

Informasjon angåande jodtablettar

Hendingane i Ukraina dei siste dagane har ført til  eit stort mediafokus på jodtablettar. Dersom det blir eit utslepp av radioaktivt jod, kan jodtablettar vere eitt av dei vernande tiltaka som blir tilrådd av myndigheitene. Det er kriseutvalet for atomberedskap som då gir råd dersom dette blir aktuelt. Som ein del av kommunal atomberedskap har kommunen tilgang på jodtablettar til alle under 18 år, og dessutan til gravide og ammande. Vi vil òg arbeide for å sikre jodtablettar til alle andre innbyggjarar mellom 18-40 år.  Jodtablettane er lokalisert i skule/barnehage, og dessutan på legekontoret. Dette er ein del av den generelle beredskapen til kommunen, og skal då kun nyttast/delast ut om ein skulle komme i ein slik situasjon der dette er naudsynt. Direktoratet for strålevern og atomtryggjing (DSA) har bedt om at kommunen innhentar samtykkeskjema for ei eventuell administrering av dette i skule og barnehage. Dette vil bli sendt ut til alle heimar i komande veke. 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal hadde 2. mars 2022 møte med alle kommunane og medlemmane i Fylkesberedskapsrådet i Møre og Romsdal for å informere om den ustabile situasjonen i Europa. I møtet deltok representantar frå Forsvaret, Politi, Nasjonalt tryggingsorgan og Direktoratet for strålevern og atomtrygging.  (DSA). Det vart presisert under møtet at det ikkje er vurdert noko endring i trusselbildet per no, men at dette er eit viktig ledd i forarbeidet dersom situasjonen raskt skulle endre seg. Kommunen vil oppmode  alle opp til 40 år – og som har høve til det – å gå til innkjøp av jodtablettar til eigen husstand.  Personar over 40 år har svært liten risiko for å få  kreft i skjoldbruskkjertelen og treng ikkje ta jodtablettar, og personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen treng ikkje ta jodtablettar ved ei eventuell hending.

For meir informasjon om eigen beredskap, kan ein gå inn på DSB si side: 
https://www.sikkerhverdag.no/din-beredskap/hendelser-og-kriser/beredskap-i-hjemmet/

La-Rel Easter/Unsplash.com