Hytterenovasjonsdunkane er berre til bruk for hytte/fritids-abonnement!

Hytterenovasjonsdunkane er berre til bruk for hytte/fritids-abonnement!

Vanylven kommune ved teknisk sektor vil informere om at dunkane for hytterenovasjon er kun til bruk for deg som betalar hytterenovasjons-abonnement. 

Det er kun hushaldningsavfall som skal i desse dunkane. Det skal ikkje kastast bygningsavfall, plenklipparar, tv`ar, grillar, syklar, vindu, stolar, takpapp etc. Slikt avfall skal leverast på Lilleeide Miljøstasjon. Som fritids/hytteeigar må du betale for å levere slikt avfall på Lilleeide Miljøstasjon.

Ordinære bustadeigedomar i Vanylven kommune har gratis levering på Lilleeide Miljøstasjon inkludert i renovasjonsabonnementet. 

Vi oppmodar difor om at hytterenovasjonsdunkane ikkje skal nyttast av dei ordinære bustadane. 

Vanylven kommune