Hukommelsesteamet i Vanylven kommuneGløymer du eller kjenner du nokon som gløymer?Hukommelsesteamet i Vanylven kommune er eit tilbod til deg og dine pårørande når problem med hukommelsen oppstår. Irma Moen Hukommelsesteamet er eit lavterskeltilbod som kan bistå deg eller dine pårørande ved påvist eller mistanke om demens eller kognitiv svikt. Tilvisning er ikkje nødvending. Tilbodet er gratis og for alle aldersgrupper. Vi har teieplikt.Kva kan vi bidra med?Gi råd, veiledning, oppfølging og informasjonTilby støttesamtalerHa oversikt over tilbod internt i kommunen og utanfor kommunen som kan vere aktueltVere bindeledd mellom deg og anna helsepersonell/hjelpeinstansarOpprette møteplassTilby heimebesøkStarte kartlegging i heimen, i samarbeid med fastlege Ta kontakt med hukommelsesteamet til ein uforpliktande samtale tidleg i forløpet.Kontaktinformasjon: Siv Brekke Fagervoll (helsefagarbeidar)Mobil: 476 37 171 (Telefontid man-tors kl. 09:00-15:00) Rose-Mari Thunem Nygård (sjukepleiar)Mobil: 482 46 904 (Telefontid man-fred kl.09:00-15:00) Har du spørsmål om demenes?Kontakt DEMENSLINJEN på 23 12 00 40