Hjortemerking Vanylven kommune er no saman med kommunane i Møre og Romsdal og på Vestlandet med på eit prosjekt som går ut på å merke hjorten i kommunen for å følge bevegelsane til hjorten gjennom heile året. Publisert 29.01.2021 14:26 Sist endra 10.09.2025 09:49 Måten dette blir gjort på er at ein bedøvar hjorten med bedøvelsesgevær. Dette vil skje på foringsplassar rundt om i kommunen eller langs vegen frå bil. Foringsplassane er godkjendt hjå mattilsynet. Hjorten vil deretter bli påsatt ein klave med GPS-sendar som sender frå seg posisjonen til hjorten, slik at ein kan følge med på trekkruter og arbealbruken gjennom heile året. Klaven vil etter 2-3 år felle av sjølv. I Vanylven kommune har vi moglegheit til å merke inntil 8 dyr. Prosjektet si heimeside - NIBIO Følg prosjektet på Facebook - Hjort og hjortemerking