Heimevernet gjennomfører øving i perioden 12.–20. september 2026

Heimevernet gjennomfører øving i perioden 12.–20. september 2026

I denne perioden kan innbyggjarane i Vanylven møte militært personell, køyretøy og annan aktivitet frå Heimevernet.

Aktiviteten er ein del av planlagd trening, og det er derfor ingen grunn til uro dersom ein møter militære styrkar i området.

Heimevernet vil ha øvingsaktivitet fleire stader i Nordfjord gjennom perioden.

Heimevernet vil trene i heile Nordfjord i perioden 12.-20. september. Håvar Fagerli

Stor samvirkeøving i Vågsøy og Måløy

Som ein del av øvingsveka blir den større samvirkeøvinga Nordavind 2026 gjennomført torsdag 17. september i nordre del av Vågsøy og Måløy i Kinn kommune.

Her skal Stad HV-område trene saman med politiet, Helse Førde, Kinn kommune, Måløy legekontor, Kinn brann og redning, Sivilforsvaret og Røde Kors. Øvinga vil i hovudsak gå føre seg i nordre del av Vågsøy og Måløy i Kinn kommune. Det vil vere synleg militær aktivitet, væpna politi og personell frå fleire beredskapsorganisasjonar. Det kan også bli mykje trafikk med militære køyretøy og utrykkingskøyretøy. 

Under Nordavind 2026 skal aktørane trene saman på å handtere eit komplekst situasjonsbilete der godt samarbeid, tydelege roller og effektiv kommunikasjon blir avgjerande. 
Aktørane understrekar at dette er ei øving, men at delar av aktiviteten vil kunne opplevast som realistisk.

Ber publikum vise omsyn

Heimevernet og politiet ber publikum om å vise omsyn, halde avstand og ikkje oppsøkje øvingsområda.

Heimevernet si øvingsperiode: 12.–20. september 2026
Nordavind 2026: Torsdag 17. september i nordre Vågsøy og Måløy