Har du nokon gong vore bekymra for eit barn eller ein ungdom?

Har du nokon gong vore bekymra for eit barn eller ein ungdom?

Har du lagt merke til «knappen» på heimesida til Vanylven kommune der det står: BTS; Er du bekymra for eit barn eller ungdom? Du finn knappen både i menyen øverst på framsida, og i tillegg under tenestene Oppvekst, Helse og omsorg og Kultur og fritid.

I vår kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. Difor arbeidar vi med BTS - Betre tverrfagleg samhandling.

Tidleg innsats

Vi ynskjer å sikre at alle barn og unge skal få den hjelpa dei treng på eit tidleg tidspunkt.

Betre tverrfagleg samhandling - Vanylven er ein nettportal som skal bidra til å fange opp barn og unge som har behov for hjelp. Inne på nettportalen (trykk på lenka) kan du velje informasjon tilpassa kva rolle du har: Barn/ungdom, vaksen eller tilsett.

Her kan innbyggarar i Vanylven få gode råd om kva ein kan gjere om ein uroar seg for eit barn eller ein ungdom. Det kan til dømes vere noko ein observerer som foreldre, nabo, trenar, ven eller søsken som gjer at ein kjenner ei uro. Eller ein kan vere barn/ungdom som er bekymra for seg sjølv.

Alle med oppgåver kring barn og ungdom har eit særskilt ansvar for å ta grep om noko er bekymringsverdig. For tilsette ligg her ein handlingsrettleiar som viser korleis ein kan kan gå fram. Her er også verktøy som ein kan nytte til observasjon, og i møte med born/ungdom og foreldre.

Lovpålagt ansvar

Kommunane er pålagde ved lov å samordne tenestetilbodet på tvers av sektorar og tenesteområder. BTS -Betre Tverrfagleg Samhandling skal hjelpe til med å sikre samhandling i Vanylven kommune.

Nettportalen strukturerer og konkretiserer korleis arbeidet er lagt opp i kommunen vår, og skal gje brukarar og tilsette kunnskap om reiskapar tilgjengeleg for å kunne utnytte tenestetilbodet best mogleg. Målet er å sikre at alle born og unge skal få den hjelpa dei treng.

Ta gjerne kontakt på e-post eller telefon om de har spørsmål/innspel.