HAR DU LYST TIL Å SPELE UKULELE?

HAR DU LYST TIL Å SPELE UKULELE?

 Meld deg på kurs no!

Etter ønskje frå både born og vaksne i kommunen vil kulturskulen denne hausten arrangere grunnkurs i ukulele. Kurset vil bestå av seks leksjonar, der ein i fellesskap utviklar seg musikalsk og blir kjende med ukulelen.

Å spele ukulele har blitt svært populært. Ukulele er eit strengeinstrument med fire strengar, og kom opphaveleg frå Madeira, via Hawaii. Ukulelen liknar mykje på gitaren i utsjånad, men han er mindre og har ein lysare tone. Ukulelen er eit glimrande instrument for dei som ikkje har spelt noko anna instrument før, og dessutan både hendig og allsidig. Han er liten nok til å bli med over alt, og ukulelemusikk passar i omtrent alle sjangrar og ensemble. Dessutan: kan du spele ukulele, er vegen kort til å lære seg både banjo og gitar også. Det er ikkje utan grunn at mange ønskjer å lære seg å spele ukulele. Vår dyktige lærar står klar til å lære kursdeltakarane instrumentet frå botnen.

Kurset vil vere eit grunnkurs, og det kan bli aktuelt med kurs for vidarekomne i 2021 viss ein vil fordjupe seg vidare. Grunnkurset krevjar ingen tidlegare erfaring med ukulele, eller spesielle musikalske dugleikar eller kompetanse. Ein treng ikkje ein gong eige sin eigen ukulele – det får ein låne.

I løpet av grunnkurset går vi gjennom det mest grunnleggjande:
- å halde ukulelen, korleis sitje, plassere fingrar, spelteknikk
- stemming av ukulelen
- vanlege akkordar og fingersettingar
- veksle mellom grepa
- enkle musikkteoretiske omgrep
- spel og song i lag med andre

Å spele ukulele har eit betydeleg sosialt element, og det vil vere tydeleg gjennom heile kurset. Først og fremst skal vi vere i lag, synge, spele og ha det kjekt. Eit eventuelt kurs for vidarekomande vil halde fram der grunnkurset sluttar, og introdusere noko meir krevjande repertoar, med meir avansert rytmikk og akkordskjema.

For kven: deg som bur i Vanylven og er barn i skulealder, ungdom eller vaksen og har lyst til å spele ukulele.

Kva tid: Tysdagar 1800-1930, frå og med 27. oktober til og med 1. desember.

Stad: Myklebust skule

Arrangør: Vanylven kulturskule

Pris: 450 kr for born og unge. 600 kr for vaksne.

Påmelding innan: 23. oktober, via epost: kulturskulen@vanylven.kommune.no

Spørsmål rettast til rektor i Kulturskulen, Hanne Benedicte Drabløs, på telefon 700 30405 eller epost.

Kurset har begrensa plass, førstemann til mølla gjeld.