Fosterheimsveka 2025Få kunnskap om verdas viktigaste samfunnsoppdrag! 1.–8. april kan du vere med på ulike arrangement og lære meir om det å vere fosterheim. Det er heilt uforpliktande å delta. Fosterheimsveka 2025 Når eit barn treng eit nytt kapittel i livet, leitar kommunane og fosterheimstenestenene i nærmiljøet først. Å måtte flytte kan vere dramatisk, og det å bytte skule, fotballag og få nye vener kan vere ei ekstra belastning. Vi håper at flest mogleg kan reflektere over om de kan vere fosterheim dersom eit barn i nærmiljøet treng det.Fleire av barna som treng fosterheim, har minoritetsbakgrunn. Vi søker også fosterheimar som forstår betydninga av å ta vare på kultur og tradisjonar. Dette gjer overgangen til en ny kvardag enklare for barnet.Mange av dei som vurderer å bli fosterheim, har tenkt på det lenge, ofte i fleire år. Å delta på eit arrangement under Fosterheimsveka vil forhåpentlegvis gi deg informasjon og inspirasjon som gjer valget enklare.Digital sofaprat med Hedvig Montgomery - 8.april 20:00-20:45 Korleis kan vi forstå barnas behov, møte dei med tryggheit og bygge sterke relasjonar? Psykolog og familieterapeut Hedvig Montgomery delar innsikt og verktøy som kan styrke deg i rolla som fosterforelder.Klikk her for å delta på - Digital sofaprat med Hedvig MontgomeryInformasjonsmøte om FosterheimDette møtet er for deg som er nysgjerrig på korleis det er å være fosterheim. Her kan du stille spørsmål om alt du lurar på. Klikk her for å delta på eit digitalt og uforpliktande informasjonsmøte!Digitalt informasjonsmøte om fosterheim 07. april 18:00 - 19:00Digitalt informasjonsmøte om fosterheim 29. april 20:00 - 21:00