Felles politiråd samla for første gong

Felles politiråd samla for første gong

Iselin Nevstad Øvrelid   

Det felles politirådet for Herøy, Sande og Vanylven var for første gong samla fredag 5. februar.

Kommunedirektør/rådmann, ordførar og næringslivskontaktar frå kommunane var til stades saman med politiet.

Politiet presenterte sin nye politikontakt for distriktet vårt, Jørn Fredriksen Larsen, og næringslivskontakt i Sunnmøre politidistrikt, Øyvind Vebenstad, var med.

Målet med det felles politirådet er å styrke samhandlinga mellom kommunane og politiet.

Det vart avklara kva slags satsingsområde politiet skal ha i 2021, nemleg på ungdomskriminalitet, radikalisering og familievald.

Det felles politirådet skal ha fire møter i året.

- Oppsummert var det eit godt møte, og vi vart grundig orienterte om utfordringar i kommunane, fortel kommunedirektør, Trond Arne Aglen.