Alle deltakarar melder seg på via LetsReg.no.
Program:
| 09:00 | Velkommen v/ avdelingssjef for psykisk helsevern for barn og unge, Jenny Raftevold Lyngstad |
| 09.05 | Ungdom og rus v/ Marianne Stallvik, Førsteamanuensis RKBU og prosjektleder Regionalt kompetansemiljø Bufetat, (09.05-12.00).
Kva kjenneteikn har ungdomskulturen? Kva haldningar har samfunnet til bruk av rusmidlar og korleis påverker dette ungdommane? På kva måte påverkar dette tiltaksapparatet?
|
| 09.50 | Det førebyggande perspektivet |
| 10.35 | Pause |
| 10.50 | Kva kjenneteikn har målgruppa med dei største utfordringane? Ansvar for behandlingstilbod til ungdom med alvorleg rusproblematikk er planlagt overført frå Bufetat til psykisk helsevern. Kva tilrådingar vert gitt frå ekspertpanelet? |
| 12.00 | Lunsj |
| 13.00 | Førebygging og rusbehandling for ungdom med erfaringar frå institusjonsbarnevernet. Foredrag ved Reidar Haug, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, institutt for sosialfag. |
| 13.45 | Pause |
| 14.00 | Generell informasjon om rusprøver ved Andreas Austgulen Westin, overlege/PhD NTNU, St Olavs hospital, laboratoriemedisinsk klinikk, Sykehuslaboratoriene i Midt Norge. Urinprøver vs blodprøver. Hårprøver. Kva kan det testast for? Kva testar bør ein ta? HMN sine prøver vs hurtigtestar kjøpt på apotek. Kostnad for testar. Kven skal ta kostnadane? Kloke val vs ønskje om flest mogleg prøver? |
| 14.30 | "Ungdom med rusvanskar - det åttande samhandlingsforløpet i Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal" ved Elisabet Stalheim Pedersen, prosjektkoordinator Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. |
| 15.00 | Spørsmål, oppsummering og avslutning |
Fagdag med tema ungdom og rus | Høgskulen i Volda
Ungdomstida er prega av utforsking og søk etter identitet. Nokre eksperimenterer med rusmidlar og for nokre vert dette starten på eit misbruk. Hjernen til ungdomen er under utvikling og difor sårbar for påverknad av rusmidlar. I løpet av dei siste åra har alkoholbruk blant ungdom gått ned og debutalderen har gått opp. Samtidig har ein sett ein auke i bruk av illegale rusmiddel som cannabis og kokain.
Fagdagen skal ha fokus både på det førebyggande perspektivet og på måtar vi kan hjelpe dei som har utvikla eit alvorleg rusmisbruk. Vi vil gå gjennom endringar som kjem i 2028 når ein større del av ansvaret for tiltak vert flytta frå barnevernet over til helsevesenet. Hausten 2026 vil ein i Møre og Romsdal ta i bruk det 8. pasientforløpet i «Barn og unges helsetjeneste» som har fått namnet «Ungdom og rus».
Kurset Ungdom og rus er godkjent av Norsk psykologforening som vedlikehaldskurs for spesialistar med 6 timar.
Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende mail til Bjørn Gunnar Tafjord