Endring i bøsseinnsamlinga til TV-aksjonen

Endring i bøsseinnsamlinga til TV-aksjonen

I år vil det ikkje bli gått rundt med bøsser i samband med TV-aksjonen, slik det tidlegare har vore tradisjon for. I staden vil det bli lagt ut bøsser på alle matbutikkar i bygdene frå måndag 05.oktober. I tillegg kan du gi til vår digitale bøsse. Sjå meir informasjon om dette lengre nede i artikkelen.

TV-aksjonen i år går til Atlas-alliansen.

Dei skal opne dører for menneske med nedsett funksjonsevne som lever i krig og fattigdom. Saman skal vi gi naudhjelp, utdanning og moglegheiter til eit betre liv.

Du bidreg til at 200 000 menneske med nedsett funksjonsevne og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia kan få eit betre liv.

Paul Sindre Vedeld og Irma Moen

 

I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 19.oktober.

Har du lyst å gi til TV-aksjonen?

Du kan støtte vår digitale bøsse her: Vanylven kommune si digtale bøsse

Eller 

Vipps: 2133