Bustader til flyktningar

Bustader til flyktningar

Vanylven kommune har behov for fleire bustader til Ukrainske flyktningar. Det er særleg behov for bustader i Syvde og på Fiskå, i gangavstand sentrum. Kan også etter kvart være aktuelt med bustader elles i kommunen.

Det er særleg behov for bustader til ein eller to personar, men større bustadar kan også være aktuelt. Bustadane må være møblert og helst utstyrt med det som trengs for å bu. Internett er ønskeleg.

Kommunen vil stå som leigar, og ha framleige til flyktningane. Husleigekontrakt med 3 mndr. gjensidig oppsigelse.

Vanylven kommune forplikter seg ikkje til å nytte bustaden som blir meldt inn, og huseigar forpliktar seg heller ikkje ved å registrere seg på skjemaet.

 

Skjema for registrering av bustad finn du her

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Vanylven kommune servicetorget 700 30000, og dei vil hjelpe deg vidare.