Brøytebilane kjem seg ikkje fram om gang- og sykkelvegen blir brukt til oppstilling av bossdunkar.

Klikk for stort bilete 

Møre og Romsdal fylkeskommune oppmodar difor vegnaboane om å sette bossdunken på sin eigen veg. 

Brøytebilsjåførane kan ikkje gå ut av bilen for å flytte alle bossdunkane ut av vegen før dei brøytar. Dei siste dagane har vi eksempel på at bossdunkane står som perler på ei snor over fleire kilometer gangveg slik at brøytemannskapet ikkje kjem seg fram. Det går ut over mjuke trafikantar og renovatørane som må karre seg igjennom ubrøyta veg, seier byggeleiar Eivind Voldsund hos fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Dei siste dagane har entreprenørane vore ute med alt tilgjengeleg mannskap for at alle trafikantar skal kome seg fram på fylkesvegane. Store snømengder har gjort at det har vore behov for å brøyte ofte.

 

Da treng vi hjelp frå naboane slik at brøytemannskapa kjem seg fram og ikkje bruker meir tid enn naudsynt på kvar veg, fortel Eivind Voldsund.


Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:
Byggeleiar Eivind Voldsund, telefon 907 73 969