Beklagar deling av opplysningar

Beklagar deling av opplysningar

Kommunen har sendt ut brev om førehandsvarsel for endring av husleigesatsar til leigetakarar av kommunale bustadar i Vanylven kommune. 

Dessverre var det lagt ved ei liste over alle mottakarar av brevet. Det vil seie at alle som fekk brevet kunne sjå kven andre som også hadde motteke brevet. Totalt var det 55 personar på denne lista. Vi vil opplyse om at brevet ikkje inneheld personsensitive opplysningar.

Vanylven kommune ser likevel alvorleg på at opplysningar om kven som leiger kommunal bustad går til utanforståande. 

Med det same vi blei merksame på feilen vi har gjort, starta vi med å finne ut korleis kan vi unngå at dette skjer igjen. Det er avdekka av situasjonen skuldast rutinesvikt ved val av feil mal ved utsending av brevet, og vi vil ha ein gjennomgang av rutinene for å sikre at dette ikkje skjer fleire gongar.

Dei som fekk brevet, vil få informasjon frå kommunen der vi forklarar kva som har skjedd. Hendinga er også blitt registrert i avvikssystemet vårt, og i tillegg vil Datatilsynet bli informert om feilen som er gjort