Barseltrening med baby

Barseltrening med baby

Vi startar nyåret med oppstart av ny barseltreningsgruppe! 

Oppstartsdato: 6.januar 2026

Tid: Kvar tysdag kl.12.30 – 13:30

Stad: Fiskå Ungdomshus

Varighet: 8 veker

Pris: 300,- 

Påmelding: Frisklivssentralen v/Silje Marita Vallestad, tlf: 919 95 346

Kven er det for?

Dette er for deg som er meir enn 6 veker sidan fødsel og som ynskjer å komme i gang med trening for å styrke kroppen igjen. Det er både for deg med treningserfaring frå før og for deg som ikkje har vore så aktiv tidlegare. 


Korleis er treninga?

Øktene inkludera informasjon om trening etter fødsel før vi går vidare til ei fysisk økt. Det er ein roleg og funksjonell time. Øktene er tilpassa deg som nyleg har født og baby kan vere med i enkelte øvingar eller leike/ligge på golvet under treninga. Det er heilt lov å ta pausar for mating, bleieskift og trøsting undervegs. Øktene er lagt opp med øvingar som også kan gjennomførastheime og de vil få med treningsprogramma heim.

Frisklivsentralen