Arbeid langs Gamlevegen frå Fiskå over eidet

Arbeid langs Gamlevegen frå Fiskå over eidet

Frå måndag 24. august vil det bli gjennomført arbeid langs gamlevegen frå Fiskå over eidet. Arbeidet er ein del av førebuingane som skal gjerast før vegen skal asfalterast.

Vegen vil vere open for trafikk medan arbeidet pågår, men trafikantar må rekne med at det kan bli noko redusert framkome og ta omsyn til dei som arbeider langs vegen.

Dersom det seinare blir behov for å stenge vegen i samband med arbeidet, vil det kome meir informasjon om dette i forkant.