Å verne om smitteverntiltak når nokre område vert gradvis opna opp

Å verne om smitteverntiltak når nokre område vert gradvis opna opp

 Sjølv om vi no gradvis skal opne opp nokre delar av samfunnet, skal vi halde att på andre. Målet er å halde smittetallet under 1. Kommuneoverlegen minnar om at dugnaden på langt nær er over. Det vi no skal inn i vil kreve like mykje, om ikkje meir, av kvar enkelt innbyggjar. Vi må framleis mobilisere til fellesdugnad for å få dette til.

Kommunen har motteke henvendingar om at ungdom samlast i store grupper, der smitteverntiltaka ikkje vert oppretthaldt og ein vert utsett for smittefare. Vi vil difor særleg oppmode foreldre om å ta samtalen med barna, om kva tolmodigheitsprøve vi framleis har fram for oss.


Vi veit at der er tradisjon for at ungdom samlast natt til 1. mai og natt til 17. mai, kommunen vonar at i år finn de alternative aktivitetar der ein kan halde seg innanfor smitteverntiltak.


Politiet i Møre og Romsdal har sendt ut ei pressemelding der dei oppmodar om å varsle. Føremålet er ikkje å generere nye strafffesaker, men det å hjelpe barn og unge.
Nokon av utfordringane er lette å få auge på, medan andre kjenner ein ikkje så godt til. Derfor ønskjer politiet å vere i forkant av uønska hendingar, kriminalitet og negativ utvikling. Dei ønskjer varsling om:

  • Kriminalitet
  • Hendingar
  • Trendar
  • Uheldige situasjonar som direkte eller indirekte kjem som følgje av tiltak knytt til koronaviruspandemien.
  • Brot på smittevernlova/korona-relatert kriminalitet av eit visst omfang.
  • Konkrete kriminelle bekymringar for rus, vald mishandling i heimen osv.
  • Barn og unge som er "ute på vift".
  • Tips om festar/ større samlingar av ungdom/aktuelle stadar.


Tidleg varsling kan vere avgjerande!