Eigenberedskap i heimane Du bør kunne klare deg sjølv i minst tre døgn Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i minst tre døgn. Kvifor kjem eigenberedskapsråda no? Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett. Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare. Du er ein del av beredskapen i Noreg Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. – Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. Eksempel på beredskapslager: 9 liter vann per person (Les også: Slik lagrer du vann) to pakker knekkebrød per person en pakke havregryn per person tre bokser middagshermetikk eller tre poser tørrmat per person tre bokser med pålegg med lang holdbarhet per person noen poser tørket frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade medisiner du er avhengig av ved-, gass eller parafinovn til oppvarming grill eller kokeapparat som går på gass stearinlys, lommelykt med batterier eller parafinlampe fyrstikker eller lighter varme klær, pledd og sovepose førstehjelpspakke batteridrevet DAB-radio batterier, ladet batteribank og mobillader til bilen våtservietter og desinfeksjonsmiddel tørke-/toalettpapir sanitetsprodukter litt kontanter ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/rødsprit til oppvarming og matlaging jodtabletter ved atomhendelser dersom du er under 40 år, gravid, ammende eller har barn som bor hjemme (Les mer på dsa.no) Sist endra 07.12.2022 12:02
Varsel om oppstart av planarbeid - gbnr 25/60 m.fl i Vanylven kommune Varsel om oppstart av planarbeid - Detaljereguleringsplan for Syltefjord camping og marina på gbnr.25/60 m.fl i Vanylven kommune.I samsvar med Plan- o...
Informasjon om fakturering av SFO, barnehage, helse- og omsorgsrelaterte tenester og husleige På grunn av overgang til nytt økonomisystem 01.01.2022 blir forfall på faktura for barnehage og SFO, opphald på institusjon og andre helse- og omsorgs...
Økonomiplan 2022-2025 med budsjett for 2022 Vanylven formannskap har 30. november behandla økonomiplan for 2022-2025 med budsjett for 2022, som gav følgjande tilråing:Formannskapet tilrår:1. Dr...
Kulturprisen 2021 Oddrun Anita Kobbevik Oldeide er årets vinnar av kulturprisen. Du kan lese meir om tildelinga på nettstaden til Synste Møre.
Registrer deg som støttekontakt og besøksheim Vanylven kommune vil oppfordre fleire til å melde seg som støttekontakt og besøksheim. Nedanfor finn du informasjon og skjema for registrering. Infor...
Varsel om reguleringsarbeid - detaljregulering for Sighaug akvakultur, gbnr. 5/12 m. fl. - Vanylven kommune I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med privat reguleringsplan for akvakultur på land på S...
Markering av Verdensdagen for psykisk helse Vanylven kommune markerte i dag Verdensdagen for psykisk helse på Combisenteret. Årets kampanjetema er knytt til livet under og etter ein pandemi og s...