Vi har ingen reduksjon for heimekompostering.
Vi oppmodar folk flest om å bruke appen “MinRenovasjon”, då vil du få ei påminning dagen før om tømming av renovasjon.
Renovasjonskalendar for 2026:
Kjeldesortering
I Vanylven kommune har vi fire sorteringar som er restavfall, matavfall, papir og plast. Bustadar har fått sine eigne dunkar for dette: ein blå for papir, ein grå for restavfall, ein brun for matavfall og plastsekk for plastavfall.
Bio-posar
Dersom du er tom for bio-posar kan du hente ein ny rull ved Nærtenesteseneret på combisenteret i 2 etg, eller knyte ein tom plastpose på den brune dunken til neste søppelhenting. Då leverar bossbilen ut ein ny rull til deg.
Plastsekkar
Dersom du er tom for returplast kan du hente ein ny rull ved Nærtenesteseneret på combisenteret i 2 etg, eller knyte ein tom plastpose på den blå dunken til neste søppelhenting. Då leverar bossbilen ut ein ny rull til deg.
Glas og metall
I dei fleste bygdene i Vanylven er det utplassert innsamlingsigloar til glas og metall.
Her finn ein oversikt over alle plassane med glasigloar
Miljøstasjonen på Lilleeide
Kommunestyret har i sak 25/961 gjort vedtak om innføring av vintersesong på miljøstasjonen frå og med 1. november. I vintersesongen vil miljøstasjonen vere open i oddetalsveker fram til 1. april.
Opne veker for vintersesongen 2026 er veke 3, 5, 7, 9, 11 og 13.
Opningstider kl. 12:00 - 17:45 (stengt i romjula og raude dagar)
Vanylven kommune har ein miljøstasjon på Lilleide, Fiskå, som tek i mot grovavfall frå privatpersonar, gratis for inntil 3m³ pr. veke. Næringsdrivande kan levere mot avgift.
Prisar
Vi gjer oppmerksame på at dette er prisar utan mva.
Prisane er gjeldande frå 01.01.2026. Faktura for kommunale avgifter vert sendt ut fire gongar i året, februar, mai, august og november.
Oppseiing/endringar
Dersom du vil søkje om endring av ordinær renovasjonsordning kan du gjere det ein gong i løpet av året. Søknadsfrist er kvart år den 30. juni og 31. desember.
Skjema finn du her
Returkartonglotteriet
Informasjon om returkartonglotteriet finn du her.