Innsyn i postlister og politiske sakerRetten til innsyn i offentleg verksemd er nedfelt i offentleglova. Hovedregelen i offentleglova er at alle saksdokument i offentlege verksemder er opne for innsyn. Dette inneber at kommunikasjon til og frå kommunen vert registrert (journalført) i våre sakshandssamingssystem og publisert på våre offentlege postlister. Sjå også Rettleiar til offentleglova for meir informasjon. På postlista til Vanylven kommune vil ein ikkje finne arkivdelane: barnehagearkiv, brann, elevarkiv, disiplinærarkiv, flyktningarkiv, pasientarkiv og personalarkiv. Vi gjer merksam på at det likevel kan stillast krav om å få utlevert postliste der desse arkivdelane er med. Som part kan du ha rett til innsyn etter forvaltningslova § 18. Vi gjer merksam på at X- dokument heller ikkje vert publisert, men at ein kan be om innsyn i dette.Vanylven kommune oppfordrar folk til å nytte eDialog til å sende brev og dokument til kommunen på ein trygg måte. Postliste for Vanylven kommunePolitisk møteplan og saksdokumentEldre saksdokumentKontrollutvalet Vest kontroll er sekretariat for kontrollutvalet i Vanylven kommune.Postliste for kontrollutvalet i Vanylven kommune Sist endra 13.05.2025 15:33