Kriseleiing blir sett på rådhuset og vi vil informere fortløpande via denne sida.
Kriseleiing
Den kommunale kriseleiinga har ansvar for å koordinere kommunen si handtering av større hendingar og kriser. Arbeidet omfattar mellom anna å skaffe oversikt over situasjonen, vurdere nødvendige tiltak, samordne ressursar og sørgje for at innbyggjarane får relevant informasjon.
Kriseleiinga blir sett på rådhuset på Fiskå når situasjonen krev det.
Her finn du oversikt over kven som er med i den kommunale kriseleiinga, og korleis du kan kome i kontakt med kommunen dersom ei krise oppstår:
Psykososial krisegruppe
Vanylven kommune har og ei psykososial krisegruppe som kan bidra med støtte og oppfølging til menneske som blir råka av alvorlege hendingar. Gruppa kan mellom anna hjelpe med å handtere reaksjonar etter ei krise og vurdere behovet for vidare oppfølging.
Her finn du oversikt over medlemmane i gruppa:
Viktige telefonnummer
Kriseleiinga utgjer samstundes beredskapsrådet sitt arbeidsutval. Dette skal ha møte minst 2 gonger årleg. Beredskapskonsulenten er ansvarleg for innkalling og for å føre møteprotokoll.
Dersom nokon av medlemene i kriseleiinga blir merksam på ei hending - eller noko som kan hende - og som denne meiner kan krevje handling frå kommunen, har kvar einskild medlem rett og plikt til å kalle saman kriseleiinga.
Alle tilsette i kommunen skal vere orientert om at dersom dei får kjennskap til store ulykker eller katastrofar, så skal dei straks søkje kontakt med næraste overordna.
Annan viktig informasjon
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal