Samarbeid med kulturlivet

Samarbeid med kulturlivet

Vanylven kulturskule ønskjer eit tett og fruktbart samarbeid med det lokale og regionale kulturlivet.
Vi rekrutterer musikarar til Sunnmøre ungdomssymfoniorkester, stiller med solistar på kyrkjekonsertar og andre oppdrag, og leverer dirigenttenester til korps og kor i kommunen.

Sunnmøre Kammermusikkfestival

Satsing på dei unge er ei uttalt målsetting for Sunnmøre Kammermusikkfestival.

Elevar frå kulturskulane på Søre Sunnmøre har i mange å deltatt på kammermusikkfestivalen sine meisterklasser og elevar har teke del i konsertane som ein del av konkuransen om Sparebanken sitt talentstipend.

Dei siste åra har det i tillegg vorte arrangert ein konsert og musikkmøte i forkant av kammer­musikk­festivalen der fleire grupper frå kulturskulane vart invitert til å vere med, komposisjonskurs for dei som vil prøve å skrive musikk og bogekurs for strykarar, for å nemne noko.

Alle elevar i kulturskulane får elles gratis inngang til konsertane på festivalen.