Skuleåret 2026/2027 er det 128 elevar på skulen. To klasser er fådelte, men har ein del delingstimar for trinna for å ivareta fagleg progresjon etter alderstrinn for kvar enkelt. På ungdomsskulen er klassane større, og er på mellom 17 og 27 elevar.
Vi nyttar nærområdet vårt mykje, og er heldige som har mykje natur tilgjengeleg rundt oss. Uteområda ved både barne- og ungdomsskulen skal rehabiliterast i nær framtid.
I tillegg til undervising i eigne lokale i Syvde føregår opplæring for nokre elevar delvis på Vanylven alternative opplæringsarena og andre alternative opplæringsarenaar. For å både gje god undervising ut frå sentrale føringar, og undervising som gir elevane god kunnskap om lokalsamfunnet og staden dei bur på, samarbeider vi med lokale ressurspersonar og aktørar.
Skulen vektlegg øving av grunnleggande dugleikar gjennom heile skuleløpet og i utviklingsarbeid i kollegiet.
Kommunikasjon mellom skule og heim går føre seg gjennom det skuleadministrative systemet Vigilo.
DJI_0055.JPG
Adresse:
Myklebust skule
Kvia 22
6140 Syvde