Vedlegg:
Dette gjeld berre dei som har sakkunnig vurdering frå fagleg instans. Dersom du søkjer prioritert plass til ditt barn, t.d. etter § 13 i barnehagelova, så hugs å kryss av for kriteriet på søknadsskjema og tilråding frå sakkunnig instans/faginstans må vere komen til oppvekstkontoret innan 1. mars.
I barnehagelova § 13 står det:
§ 13.Prioritet ved opptak
Barn med nedsatt funksjonsevne har rett til prioritet ved opptak i barnehage. Det skal foretas en sakkyndig vurdering for å vurdere om barnet har nedsatt funksjonsevne.
Barn som det er fattet vedtak om etter lov om barneverntjenester §§ 4-12 og 4-4 annet og fjerde ledd, har rett til prioritet ved opptak i barnehage.
Kommunen har ansvaret for at barn med rett til prioritet får plass i barnehage.
|
Oppseiingstid:
Oppseiingstida i kommunal barnehage er 1 mnd rekna frå den 1. i påfølgande månad. Dersom ein seier opp plassen med datering f.o.m. 1 april eller seinare, må ein betale ut året til 15 .juli. Same regel gjeld for oppseiing av deler av plassen.
Søknad utanom hovudopptaket:
Du kan søkje barnehageplass også utanom hovudopptaket. Dersom det blir ledige barnehageplassar i løpet av året, tildeler vi desse til born som står på venteliste.
Dersom du ikkje bur i Vanylven kommune kan du søkje om barnehageplass i kommunen. Du kan ikkje bruke den lenkja som ligg på heimesida, du må få tilsendt ein eigen søkjarlink. Born til søkjarar som ikkje bur i Vanylven kommune vert prioritert etter barn som bur i kommunen.
Klage:
Dersom barnet har rett på plass, kan søkjar klage over avslag på søknad om barnehageplass ved hovudopptaket. Søkjer kan også klage dersom ein ikkje får sitt 1 eller 2 ynskje oppfylt. Klagefrist er 3 veker etter motteke svar.
Søkjarar som ikkje har bustadadresse i kommunen vil ikkje kunne søkje på skjema, link som ligg ute, dei må få tilsendt ein eigen link.
Søskenrabatt
Søskenrabatt gjeld for barnehageplass innanfor Vanylven kommune, og gjeld for både kommunal og privat barnehage.
Søskenrabatt vert gitt etter følgjande fordeling:
- For barn nummer to: 30 % rabatt
- For barn nummer tre: 50 % rabatt
Redusert foreldrebetaling
Ein kan søke om redusert foreldrebetaling dersom maksprisen for barnehageplass er høgare enn 6 % av samla skattepliktig person- og kapitalinntekt for hushaldet.
Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld som hovudregel for eitt barnehageår. Føresette må derfor sende inn søknad for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for inntekt..
Ein søknad om reduksjon i foreldrebetaling skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i.
Søknadskjema finn du her
Gratis kjernetid
Alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphald i barnehage per veke.
- Frå 1. august 2019 – 31.07.2019 gjeld gratis opphaldstid for barn busett i hushald med ei samla inntekt som er lågare enn 548.500 kroner per år.
- Frå 1. august 2020 gjeld gratis opphaldstid for hushald med ei samla inntekt som er lågare enn 566 100 kroner per år, fastsett i statsbudsjettet for 2020.
Søknadskjema finn du her