EtableringsprøveDen som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og servere mat og alkoholfri drikke, må ha bestått etableringsprøva. Gjennomføring av prøvaEtableringsprøva kan takast etter avtale med servicetorget på rådhuset, Fiskå 6143. Ha med gyldig legitimasjon - pass, førarkort eller bankkort med bilde. Prøva er ei fleirvalgsprøve på 90 minutt. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. SpråkPrøva blir på norsk. Det blir ikkje anledning til å ha med tolk. HjelpemiddelDet er tillatt å bruke lovsamling. Korleis kan eg ta prøva? Elektronisk søknadskjema finn du her PrisDet kostar 400 kr, som må betalast kontant eller vipps ved oppmøte PensumVinn.no tilbyr læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv- prøver". Det anbefalast på førehånd at deltakarane sett seg inn i pensumet. PrøvebevisAlle som består etableringsprøva får eit prøvebevis, som er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har den nødvendige kunnskapen om serveringslova. Publisert 04.08.2020 14:33 Sist endra 22.01.2026 14:15