Ved påkjørsel av vilt , må ein ringe 02800 (politiet) snarast mogleg. Merk staden der dyret blei påkjørt, sånn at skada dyr som har forlatt staden, kan sporast. 
Når ulykka skjer
- Få oversikt over evnt skada personar og gi førstehjelp/ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig- 
- Ring politiet på 02800 og meld frå om påkjørselen. 
- Merk staden nøyaktig der dyret blei påkjørt med eit viltbånd, plastpose eller liknande. 
Er det påkjørte viltet fortsatt i live skal ein la det vere i fred og ikkje nærme seg. Gå aldri etter eit skada vilt. Det vil redusere sjangsen for å få avliva det. 
Ved alle påkjørslar der det har våre kontakt mellom kjøretøy og hjortevilt, rev eller grevling skal det varslast, - uansett om du meina viltet ikkje blei skada. 
Det er straffbart å ikkje varsle om ein viltpåkjørsel.